onsdag 4. mai 2016

Bergen

No kjenner eg at eg er komen heim att. Sørlandsbyane er vakre på sin måte, men ingenting er som Bergen. No litt Tutti innerst i Vågen godt fortøyd og med fulle tankar - klar for siste etappe som går til Sogn og Balejazz i Balestrand i helga. Henter Geirmund og Henni (bror og svigerinne) på Vangsnes fredag ettermiddag.
Turen gjekk fint idag. starta frå Haugesund 0730 og var i byn kl 1630 - ein time før ruta. Vi hadde god sørleg frisk bris heile vegen. Gjekk over Sletta og inn mellom Stord og Bømlo opp til Selbjørnsfjorden. Der gjekk det mot aust og vi sette segl. I nokre kast av kuling var vi oppe i 10 kn. Etter ankomst i Bergen kom Torgeir og Iselin ombord og vart lenge. Iselin og bestefar fekk kosa skikkeleg og ho fekk fortelje frå tur til Kreta og til USA. Anne Marie kom innom ei stund og tok med Iselin heim. Torgeir vart igjen og vi heldt rituell avdrikking av Hansa øl med bamsemoms til. Matrosen og kapteinen var deretter på Long Horn Steak house og åt entrecote og indrefilet før vi gjekk tur langs bryggene berre for kosen.
I morgon kl 0800 tar matrosen heim til Valdres og eg startar turen nordover til Sogn. Med vinden i ryggen håpar eg å kome heilt til Leikanger der nokon ventar.....















Vi møtte både danskebåten og Statsraaden på veg inn til Bergen



Lille speil på veggen der, hvilken båt er vakrest i Bergen her....


Deilige Iselin i bestefar sin vest, lue og med kikkert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar