fredag 6. mars 2020

Våren 2017

Om vinteren hadde stormen ødelagt baugplattformen. Eg bestillte ny og den kom frå Båtsystemer i Sverige. Forsikringa betalte og en planla å monterte sjølv. Seinare har eg lært at det er ein dårleg ide. Det er ingen ting å spare på dette med mindre reparasjonen er svært enkel.




Midt i januar var snø i Florø. Prosjektet no var å skifte Speed-transduseren og temperaturfølaren. Dei sit i same enheten og var egentleg berre å skru på plass. No viste termometeret 5 gr og ikkje 41 som før ....

Midt i April var det ut med båten for første gong i 2017. Turen gjekk til Seljestokken for reparasjon av ein skade i gelcoaten i hekken. Sikkert nokon som har vore borti i løpet av vinteren. 
Så gjekk turen sørover 3 mai - heilt til Leirvik og dagen etterpå til Balestrand og Balejazz


Den store opplevinga var konserten med Knut Reielsrud. Fantastisk.
Etter festivalen segla vi inn fjorden og la båte enten i Sogndal eller kaupanger - er ikkje heilt sikker.

I alle fall...17. mai segla vi ut den vakreste fjorden i verden.


Og tok turen så langt vest vi kunne kome- til Utvær.



Magisk. Fyret går rundt to gonger i minuttet og det gir ein blink ut over havet kvart 30. sekund.

Frå Utvær segla vi til Florø og fekk oss middag på Hjørnevikbua i nydeleg solnedgang.




Dagen etter gjekk vi i Hjellen og fortøyde til flytebrygga.



2. juli segla vi til Florø og fekk ombord Inger og Odd. Turen gjekk vidare til Svanøy i nydeleg ver og konsert med Vamp. 






Norunn og gjestene mønstra av i Florø og eg segla opp att i Hjellen.



På Marin Traffic ser vi Tutti. Det vil seie at ein eller annan gong på våren må eg ha sett inn AIS. Den første eg sette inn var ein mottakar frå Digital Yacht. Seinare bytta eg ut denne med ein ICOM MT500 som har både sendar og mottakar. Så no kan alle med internett finne båten så lenge den er i kystnære farvatn.



På hausten gjekk turen til florø for vinteropplag. Har kjøpt plass i seglforeninga sitt anlegg.



tirsdag 11. februar 2020

Andre halvår 2016

Må prøve å komme litt ajour med bloggen. Siste innlegg var fra 2016 og turen til Stryn.

Her er et forsøk på å lage en liste over turer og arbeid frem til våren 2017.

Forrige tur var til Stryn og Andrea sitt bryllup. Fekk plass i båthavna i Stryn -

27. juni gjekk turen tilbake. Nydeleg sol og ingen vind denne veien heller. Turen gjekk til Florø og så vidt eg kan huske så gjekk eg heile turen uten stop. I Florø fekk eg plass i båsen til Pateny.



9. juli drog Norunn og eg til Svanøy. Såg oss om på øya og var på konsert om kvelden.

12. juli er vi på veg sørover og legg oss til ro for kvelden i Skjerjehavn. Der har dei en resturant og vi fell nydeleg steikt kveite.




Dagen etterpå segla vi vidare mot Bergen. Etter nokre telefonar fekk vi låne ein båtplass i havna på Salhus.





Dagen etterpå kom Iselin og Torgeir. Vi sette kursen mot Askøy og eit fint friluftsområde. Torgeir styrer, Norunn og Iselin kosar seg i salongen.

15. juli segla vi nordover igjen. Det regna.... Norunn brukte nalen på vindaugene.



Då vi nærma oss Askvoll gjekk dette bildet ut til Englands på Snap. Vi gjekk nok mot Florø.

25. juli ser eg at eg installerte AIS. Dette var ein mottakar frå Digital Yacht - sikkert kjøpt på e-Bay. Kopla den opp via ein Optokobler slik at signalet og gjekk ut på WiFi.

Det neste var tur til Svelgen og hente flytebrygge. Ove slepte med arbeidsbåten og la ut i Hjellen.







Dagen etterpå. 27, vart heile familien Frøyen med på tur til Kalvåg. Havets festbort - og så tilbake til Florø i sommarkvelden.






30. juli gifta Stig Arild og Solveig seg i Florø. Fin fest.




Etter bryllupet i Florø segla eg i Hjellen det flytebrygga låg klar.



I starten av aug kom Ingejerd og Johs på besøk i Hjellen. Då vart det klubb og kos.




9. aug vart været dårleg. Kuling frå nordvest. Båten låg og rykkte i fortøyningane. Eg gjekk tidleg om morgonen ut og la meg i Kjelkeneset. Ut på dagen gjekk eg i Kalvågen og blei over ved Knutholmen

25. aug segla eg sørover mot sogn. Låg over i Leirvik før eg segla vidare inn til Kaupanger og fest i Siglarlaget hos Odd Tufte.

Turen opp igjen hugsar eg ikkje noko om, men båten låg i Hjellen heilt fram til slutten av oktober. Fire av karane i jakthelga brukte båten til overnatting.


Og det vart enden på 2016 og første året som båteigar .....