lørdag 30. april 2016

Kristiansand II

Idag har vi lagt værfaste i sørlandets hovedstad. Eg sov lenge og godt før vi gjekk på byen og handla mat og litt verktøy som vi sakna under reparasjonane vi har hatt. Ny skøyteledning vart det slik at vi no har straum frå land og kunne varme middagen vår i microen. Det vart Fjordland i dag.
Vi fekk ikkje varmaren til å gå i går. Det viste seg at den må ha nesten kvart tank for å få diesel. Vi henta på to kanner - to gonger og da vart det nok. Skal fylle før vi går i morgon.
No er det varmt og godt og vi skal til å legge oss. No har vinden løya og vi går så snart det lysnar av dag. Planen er å gå til Tananger før vi fortøyer i morgon kveld.

Vakkert i havna i Kristiansand

Lettmatrosen får ikkje nok trening Tur med fulle dieselkanner hjalp litt


fredag 29. april 2016

Kristiansand

I dag tidleg ca 0730 gjekk vi frå Risør. Været var fint og sola varma opp teltet over cockpiten.  Vi gjekk ut i leia og sette kursen sørvestover. Det låg eit regnveir i vest og etter Torungen fyr kom regnet og med det meir vind. Sjøen auka på, men vinden minka noko etterkvart. Sjøen heldt seg og vi slo frå oss å gå vidare til Mandal. Det vart Kristinasand. En kamerat frå langt tilbake, Jan Myklebust, kom innom og prata. Vi har hatt mange turar med flugestang i Nidelva og fjellvatn i Trøndelag. Veldig kjekt.
I morgon blir det landligge. Vi vil i alle fall vente til vinden en nede på bris før vi går vidare. Tur på byen og anna kos. Skal i alle fall sove litt lenger...... Har ikkje sove middag på mange dagar.


Skipperen i avslappa posisjon for autopilot

mandag 25. april 2016

Risør

Vi la ut frå Grimsøy marina i dag i ni tida. Nesten alt virka som det skulle - berre ein hard reset på kartplottaren, så virka den og. Litt trangt i marinaen, men baugpropeller gjer det nesten skamlaust enkelt.
Vi sto ut Singlefjorden - svinga innom svenskegrensa - berre for å ha vore der. Utafor Hvaler var det rett fram. 5 timar på kurs 255 før vi nærma oss Risør. Autopiloten gjorde jobben og kapteinen og lettmatrosen kunne slappe av. Lite vind men han sette opp litt bølger ut på dagen. Opp i 2 m då vi kom inn mot land.

Frå turen over Skagerak


No ligg vi trygt fortøyd i havna i Risør


søndag 24. april 2016

Klar til avgang

No er alt lasta ombord og vi er klar til avgang.


Her er Pebe komen for å hente bilen til oslo..vi hatt vårt første måltid i salongen. Det blir mange før vi er framme. I morgon tidleg startar vi på første etappe.

torsdag 21. april 2016

Ventetid

Fordkjellen på gutar og menn er berre prisen på leiketøyet. Eg for min del kjenner at eg gler meg- ja som ein unge, på at helga skal kome og eg kan ta fatt på fyrste etappe av turen. SY Tutti skal i Almenningen. Der skal ho ligge i solnedgangen.




søndag 17. april 2016

Meir segling

I dag var det berre segling på kurset til Florø seilforening. Vi la ut frå Furuholmens ca 12 og segla vestover i nydeleg sol og ein lett bris frå nordvest. Vi gjekk opp Nekkøysundet og ut Hellefjorden - heilt ut i havet sør om Frøyskjæra. Vinden friska på etterkvart. Vi gjekk forbi Kvannhovden og inn i Frøysjøen. Gjennom sundet Mellom Hovdeneset og Kroksøyna fekk vi kjenne på kastevindane frå Hovden. Vi gjekk mot Botnane og svinga så sørover langs Seljestokken, Årebrotet og gjennom Furesundet. Det var friskt. Vinden hadde dreia til sørvest. Uansett var det ein strålande tur.
Mykje å lære om trimming av segl. Den båten vi segla har lik rigg med Tutti. Eg saug til meg som ein svamp. Her var erfarne regatta seglarar med og kunnskap og gode råd sat laust. Om ei veke er det laust på eiga hand.....


lørdag 16. april 2016

Seglkurs

Florø seilforening arrangerer kurs for voksne. I år var vi 6 deltakarar og ein av dei var meg. Unødvendig, nei. Mykje å lære. Kursleiaren har lang erfaring med å segle regatta.
Fredag kveld var det teori. Laurdag var det meir teori fram til lunch. Etterpå tok vi ein av båtane ut på praktisk trening i fjorden sør for Florø. Vestleg vind ca 10 knop og vi fekk prøve oss vekslende som styrmann, på styrbord og babord genoaskjøte og på storseglet. Vi kryssa, bauta, jibba og sløra for styrbord halser. Platt lens tilbake til Furuholmens marina.
Eg har både vore mannskap og segla sjølv, men her var mykje praktisk og nyttig kunnskap å hente som gjev trygghet på korleis ein skal trimme segl i ulike vinkler i forhold til vinden.
I morgon er det segling igjen. Tur rundt Hovdelandet.




torsdag 14. april 2016

Sjøsetting

Idag er dagen eg har venta på. Tutti "gjekk av stabelen", eller rettere sagt, vart sjøsett etter månader på land i frost og kulde. Det skal store greier til når ein skal heise opp og flytte på 9 tonn båt.


No ligg Tutti belagt (fortøyd) ved flytebrygga i Grimsøy marina. Søndag 24. kjem vi for å segle deg heim. Meir om det seinare.