fredag 6. mars 2020

Våren 2017

Om vinteren hadde stormen ødelagt baugplattformen. Eg bestillte ny og den kom frå Båtsystemer i Sverige. Forsikringa betalte og en planla å monterte sjølv. Seinare har eg lært at det er ein dårleg ide. Det er ingen ting å spare på dette med mindre reparasjonen er svært enkel.




Midt i januar var snø i Florø. Prosjektet no var å skifte Speed-transduseren og temperaturfølaren. Dei sit i same enheten og var egentleg berre å skru på plass. No viste termometeret 5 gr og ikkje 41 som før ....

Midt i April var det ut med båten for første gong i 2017. Turen gjekk til Seljestokken for reparasjon av ein skade i gelcoaten i hekken. Sikkert nokon som har vore borti i løpet av vinteren. 
Så gjekk turen sørover 3 mai - heilt til Leirvik og dagen etterpå til Balestrand og Balejazz


Den store opplevinga var konserten med Knut Reielsrud. Fantastisk.
Etter festivalen segla vi inn fjorden og la båte enten i Sogndal eller kaupanger - er ikkje heilt sikker.

I alle fall...17. mai segla vi ut den vakreste fjorden i verden.


Og tok turen så langt vest vi kunne kome- til Utvær.



Magisk. Fyret går rundt to gonger i minuttet og det gir ein blink ut over havet kvart 30. sekund.

Frå Utvær segla vi til Florø og fekk oss middag på Hjørnevikbua i nydeleg solnedgang.




Dagen etter gjekk vi i Hjellen og fortøyde til flytebrygga.



2. juli segla vi til Florø og fekk ombord Inger og Odd. Turen gjekk vidare til Svanøy i nydeleg ver og konsert med Vamp. 






Norunn og gjestene mønstra av i Florø og eg segla opp att i Hjellen.



På Marin Traffic ser vi Tutti. Det vil seie at ein eller annan gong på våren må eg ha sett inn AIS. Den første eg sette inn var ein mottakar frå Digital Yacht. Seinare bytta eg ut denne med ein ICOM MT500 som har både sendar og mottakar. Så no kan alle med internett finne båten så lenge den er i kystnære farvatn.



På hausten gjekk turen til florø for vinteropplag. Har kjøpt plass i seglforeninga sitt anlegg.